 |
PRESSOMTALE
FRÅ GUDBRANDSDØLEN DAGNINGEN:
Drøymer om dram av fjellmandel
Potetbonde Harald Sve Bjørndal i Vågå går med planer om å produsere dram av fjellmandel. Ekte griseplheimbrent frå Sve...
- Å tene til livets opphald på brennevin er heilt utenkeleg, men det kan vera ein del av eit konsept. Målet er å utvikle ei gardsturismepakke, få fleire føter å stå på og skape arbeidsplassar. Kan hende dette kan vera det vesle ekstra som kan få folk til å leggje turen hit. Det hadde vore 'rote' artig om fleire ville sjå nytten av dette og vera med på opplegget, einsleg er det lite ein får til, seier Harald Sve Bjørndal.
[Les
meir]

Kåre Søremshaugen heidra
Kåre
Søremshaugen har fått tildelt Det Kongelige Selskap for Norges Vels
Fortjenestemedalje for lang og tru teneste. Søremshaugen har arbeidd på Sve i Vågå sidan 1971, og er kjent i bygda
som ein jovial og arbeidsom kar.
Medaljen vart overrekt av ordførar Rune Øygard som uttrykte stor
respekt for arbeidet Kåre Søremshaugen har utført gjennom 31 år på
Sve Gard i Vågå. Vis eit større bilde av overrekkinga her.

PRESSOMTALE
FRÅ GUDBRANDSDØLEN DAGNINGEN:
Nå kan du eta griseple som du drikk vin
Grossisten Bama brukar millionvis av kroner på å marknadsføre poteter og "Fjellmandel fra Vågå" er den mest eksklusive av alle. Nå kan du eta griseple som du drikk vin...
- Heilt utruleg, dette har tydelegvis folk lagt merke til. Gjett om vi har fått respons! Dei kan gni seg litt i hendene nå om dagen, Harald Sve Bjørndal og Kristoffer Holø. Potetbøndene på Vøyllom ser ut til å få att for strevet med turr-råte og nøysam flid i ei motgangstid. [Les
meir]

Bama
sel "Fjellmandel fra Vågå"
Grossisten
Bama har oppfølgt lovnaden som dei kom med i programmet
Forbrukerinspektørene på NRK 1 i fjor vår. Dei har sett i gang sal av
fjellmandel, og har valt produktnamnet "Fjellmandel fra
Vågå", som er produsert på Sve Gard.
Bama har også lagt ut informasjon om alle potetsortane
dei forhandlar på sine internettsider, og der kan ein også finne forslag
til oppskrifter. For å besøkje Bama
sine heimesider, kan du klikke her.
Bildet over viser urtepoteter av fjellmandel frå Vågå og er
henta frå Bama sine nettsider. Sjå også produktomtalen som Bama
bruker av fjellmandel
frå Vågå.

FBI på jakt etter fjellmandelen!
Forbrukerinspektørane i NRK
1 bestemte seg etter henvending frå fleire
forbrukarar om å sjå nærare på dyrking av mandelpoteter.
Er det slik
at fjellmandel kan dyrkast på flatlandet rundt Oslo og Mjøsa, eller skal
den kun dyrkast i fjellbygdene våre? Og kan butikkane selge mandelpotet
utan å opplyse om kvar dei er dyrka? [Les
meir]

Vi produserer fjellmandel!
Sve Gard
produserer mandelpoteter,
og er ein av dei største produsentane i landet. Vi leverer årleg fleire hundre tonn mandelpoteter
til både grossist, detaljist og forbrukar.
Eigarane er den 13. generasjonen på garden.
Har du kommentarar til desse sidene, kan du sende melding til e-postadressa under.
Med venleg helsing
Harald Sve Bjørndal
haraldsb@online.no
|
|